Etne Jeger- og Fiskerforening
 







27.04.12 - 29.04.12





HOVEDSPONSOR

Om Etne Jeger- og Fiskerforening

Etne Jeger- og Fiskerforening vart etabler i 1970. Det primære målet då, var mykje likt kva det er i dag, sikre ei berekraftig stamme av villaks i Etneelva.

I tillegg vart det også knytt mykje arbeid til drift og vedlilkehald av leirduebana, som den gong vart etablert på Vae. Denne bana måtte stengjast grunna ny kraftline like over der bana låg.

Ny leirduebane vart etter kvart etablert på Fikse, like ved Skyttarlaga i Ølen og Etne sine skytebaneanlegg. Dette framstår i dag som eit topp anlegg, og aktiviteta er stor.

Dei seinare åra har mengda villaks i elva vorte dramatisk redusert, og trusselen frå m.a. oppdrettsanlegga som ligg tett rundt oss, er stor. Dette er og slikt som engasjerer, og arbeidet med utfisking av oppdrettslaks og klekkeriverksemd har dei siste åra vore viktig.

Sesongane 2010 og 2011 vart elva stengd for vanleg fiske. Oppgangen av laks i 2011 var veldig bra, og dette borgar for opning av fiske allereie 2012.

Sist oppdatert 18.01.2012 kl. 00:25



Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter
Etne Jeger og Fiskeforening, E-post: etnejff@gmail.com, Skriv ut siden
Websidene er laget i publiseringsverktøyet Mekke.no