spacer.png, 0 kB
Kurs i støkkjakt på rype
torsdag 08. oktober 2009

Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Det vil bli halde opplæring i støkkjakt på rype helga 23. - 25. oktober på midtre etnefjell med overnatting på rødekorshytta på Hjørnås.

Ta kontakt med Tom Hardeland på tlf. 97 65 94 47 om de er interessert.

Det er ikkje mange plasser og vi vil fylgje prinsippet "fyste mann til mølla". 

 
Oppdrettsnæringa er skuffa !!!
torsdag 01. oktober 2009

Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening v/kommunikasjonsdirektør Cato Bruarøy har kronikk i Grannar i dag.

At det er mogleg å snu problemstillingane slik på hovudet er nesten imponerande!

Etter mi meining beviser kronikken at kronikkforfattaren lever på ein heilt annan planet enn kva vi gjere. Dersom dette er representativt for oppdrettsnæringa er vi bekymra.

Det blir hevda at Etne elveigarlag ikkje vil samarbeide med oppdrettsnæringa. Dette er ikkje rett. Tvert imot er vi interessert i alle former for samarbeid som kan styrkje levekåra til villaksen og sjøauren. Men vi stiller krav om at alle parter tar del i samarbeidet og at styresmaktene er ein del av eit slikt samarbeid. Det er også avgjerande at oppdrettsnæringa tar inn over seg at næringa faktisk har store utfordringar med å bli bærekraftig for framtida. Når desse forholda er på plass vil vi kunne håpe på eit framtidsretta og konstruktivt samarbeid.

Les og døm sjølv!

Les kronikken her.

 
Interessert i stamfiske og oppdrettsfiske?
onsdag 30. september 2009

Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

då bør du møte opp på

Rodin fredag 2. oktober kl. 1900

Alle som ynskjer å vera med på utfiske av rømd oppdretslaks og stamfisk vert bedne om å møta.

 
Informasjonsmøte - status for villaks og sjøaure.
mandag 21. september 2009

Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

EJFF og Etne elveigarlag vil saman med fleire invitere til

informasjonsmøte i Etne 6. oktober 2009 på Etne kulturhus

Møtet er svært viktig for å få oppdatert informasjon om status for villaks og sjøaure. Det er også det viktigaste møte i haust vedgåande hardangerfjordforskriften.
Vi håpar så mange som mogleg kan kome.

Program, sjå her.

 
Klubbmeisterskap i jegertrap 2009
onsdag 02. september 2009

Av Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Tirsdag 1. september 2009 vart det avvikla klubbmeisterskap i Jegertrap på Fikse leirduebane.
Det var ikkje spesielt godt oppmøte, men det var derimot svært god skyting av mange!

Det vart tett om sigeren og Tom hadde berre eit skot meir enn Rune etter 2*25 skot.
Begge konsentrerte seg eksremt godt i finalerunden og BEGGE skaut fullt hus. FANTASTISK!

Tom drog sigeren i land og hadde ein treffprosent på 94,7 % på 75 skot. Det er svært bra !

2009 _seierspall-800.jpg 
Seierspallen i klubbmeisterskapet 2009
Frå venstre: Arne Gravelsæter (3. plass), Tom Hardeland (1. plass),
Rune Håheim (2. plass)
Les meir...
 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>

spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
   
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS