spacer.png, 0 kB
Fangststatestikk 2009
torsdag 29. oktober 2009

Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Omsider er fangststatestikken for fiskesesongen 2009 klar. Nedgongen er dessverre dramatisk!

Det er også svært skuffande at det berre er levert inn fangstrapport på 55 % av alle fiskedøgn.
Dette er svært uheldig og fordrar mykje ekstraarbeid ved at vi må kontrollere i fiskepermar i sonene og laksebørs.

Det vil bli sendt ut rekning til alle som ikkje har levert.

Sjå fangststatestikk her.

 
Kurs i støkkjakt på rype
torsdag 08. oktober 2009

Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Det vil bli halde opplæring i støkkjakt på rype helga 23. - 25. oktober på midtre etnefjell med overnatting på rødekorshytta på Hjørnås.

Ta kontakt med Tom Hardeland på tlf. 97 65 94 47 om de er interessert.

Det er ikkje mange plasser og vi vil fylgje prinsippet "fyste mann til mølla". 

 
Oppdrettsnæringa er skuffa !!!
torsdag 01. oktober 2009

Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening v/kommunikasjonsdirektør Cato Bruarøy har kronikk i Grannar i dag.

At det er mogleg å snu problemstillingane slik på hovudet er nesten imponerande!

Etter mi meining beviser kronikken at kronikkforfattaren lever på ein heilt annan planet enn kva vi gjere. Dersom dette er representativt for oppdrettsnæringa er vi bekymra.

Det blir hevda at Etne elveigarlag ikkje vil samarbeide med oppdrettsnæringa. Dette er ikkje rett. Tvert imot er vi interessert i alle former for samarbeid som kan styrkje levekåra til villaksen og sjøauren. Men vi stiller krav om at alle parter tar del i samarbeidet og at styresmaktene er ein del av eit slikt samarbeid. Det er også avgjerande at oppdrettsnæringa tar inn over seg at næringa faktisk har store utfordringar med å bli bærekraftig for framtida. Når desse forholda er på plass vil vi kunne håpe på eit framtidsretta og konstruktivt samarbeid.

Les og døm sjølv!

Les kronikken her.

 
Interessert i stamfiske og oppdrettsfiske?
onsdag 30. september 2009

Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

då bør du møte opp på

Rodin fredag 2. oktober kl. 1900

Alle som ynskjer å vera med på utfiske av rømd oppdretslaks og stamfisk vert bedne om å møta.

 
Informasjonsmøte - status for villaks og sjøaure.
mandag 21. september 2009

Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

EJFF og Etne elveigarlag vil saman med fleire invitere til

informasjonsmøte i Etne 6. oktober 2009 på Etne kulturhus

Møtet er svært viktig for å få oppdatert informasjon om status for villaks og sjøaure. Det er også det viktigaste møte i haust vedgåande hardangerfjordforskriften.
Vi håpar så mange som mogleg kan kome.

Program, sjå her.

 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>

spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
   
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS