spacer.png, 0 kB
Klubbmeisterskap i jegertrap 2009
onsdag 02. september 2009

Av Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Tirsdag 1. september 2009 vart det avvikla klubbmeisterskap i Jegertrap på Fikse leirduebane.
Det var ikkje spesielt godt oppmøte, men det var derimot svært god skyting av mange!

Det vart tett om sigeren og Tom hadde berre eit skot meir enn Rune etter 2*25 skot.
Begge konsentrerte seg eksremt godt i finalerunden og BEGGE skaut fullt hus. FANTASTISK!

Tom drog sigeren i land og hadde ein treffprosent på 94,7 % på 75 skot. Det er svært bra !

2009 _seierspall-800.jpg 
Seierspallen i klubbmeisterskapet 2009
Frå venstre: Arne Gravelsæter (3. plass), Tom Hardeland (1. plass),
Rune Håheim (2. plass)
Les meir...
 
Har Vegar fanga Sølvlaksen ?
torsdag 27. august 2009
 Av Jan A. Vinje Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.  

vegar_laks_7100.jpg 

Endeleg fekk Vegar laks !

26. august, Kl. 0730, landa Vegar ein hannlaks på 7,1 kg i sone 3.

Det kan vera Sølvlaksen han vinn på første laksen han landa i år. Det kallar vi FLAKS!

Det er gått ein del fisk på elva siste dagane så det er framleis mogleg å overgå 7,1 kg. Difor; Stå på alle mann !

Vegar blir nemleg plagsomt overlegen om han vinn Sølvlaksen nok ein gong !

 Foto: Vegar sin HTC

 
 
Vi vil kjøpe villaks !
lørdag 15. august 2009

Av Jan A. Vinje Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Etne Jeger- og Fiskerforening og Etne elveigarlag har inngått avtale med Havforskningsinstituttet om utkjøp av villaks til forskningsprosjektet Guddalsprosjektet

EJFF har lagt ut ruser i sone 3 og 10.

Straks det er fanga fisk som de ynskjer å selga må de ringa kontaktpersonane nemnt i vedlagte brev. Fisken må lagrast i rusene til denne blir henta. Den vil vidare bli frakta til Etne klekkeri for lagring fram til november. Då blir det stryking og 6-8 veker seinare er augerong produsert for utsetting i Guddalselva.

Sjå vedlagt brev for utfyllande informasjon.  Dette brevet vil også ligge i fiskepermen i sone 3 og 10.

 
Etneelva blir stengt frå 1. september
fredag 14. august 2009
Av Jan A. Vinje Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Etne elveeigarlag vedtok på møte 13.08.09 å stenge etneelva for fiske frå og med 1. september.
Vedtaket er i samsvar med einstemmig råd frå Fagrådet.

Det blir tatt forbehold om endeleg godkjenning på medlemsmøte i Etne elveigarlag fredag 28.08.

Bakgrunnet for vedtaket er at fangsten er svært låg i forhold til siste åra. I forhold til i fjor er fangsten omlag 48 % pr. 12.08. Alle som har teikna seg for fiske i september vil få tilsendt informasjonsbrev. Vi vil også oppfordre alle grunneigarane til å betale tilbake innbetalt sum for desse dagane. 
 
Terten er komen !
onsdag 29. juli 2009

Av Jan A. Vinje Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Ein hyggeleg SMS tikka inn frå Tom Hardeland i dag tidleg. "Terten er komen !"

Etter å ha snakka med han fortel han at han har fått 3 stk. tertar frå knappe kiloen til omlag 1,5 kg.
Dei er litt små fortel han og dei minste har han sjølvsagt slept ut att.  Det er sjølvsagt tidleg å felle dom, men la oss alle håpe at dette betyr at det kjem fleire tertar og at den ikkje er blitt borte, berre litt forsinka !

 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>

spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
   
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS