spacer.png, 0 kB
Nedteljinga er begynt!
søndag 31. mai 2009

For n'te gong er nedteljinga begynt og spenninga er stor, kanskje større enn nokon gong.

Statestikken lyg ikkje.  Dei siste 2 åra har det vore stor nedgong i fangst av tert (smålaks).
Det har i mange år vore nedgong i sjøaurefangsten.

Korleis vil dette slå ut i år?

Vil mellomlaksen vise same nedgong som terten har vist siste 2 åra?
Vil nedgongen i sjøaurefangsten halde fram?

Tida vil vise...

Vi er svært interessert i at fiskarane deler lakseopplevingar med oss. Send oss difor bilete og tekst
til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. . Hugs å skrive på navn på alle på bilete, tid og kor biletet er tatt.

Skitt fiske!

 
Støtt EJFF når du tippar!
tirsdag 19. mai 2009

Etne Jeger- og Fiskerforening er no registrert i ordninga

grasrotandelen_logo_rgb.jpg






(klikk logoen for meir informasjon om ordninga)

Dersom du registrerer deg som givar til vår forening vil 5 % av beløpet du tippar for bli overført
til foreininga. Les informasjonsbrosjyre her.

Trykk her for å lese om korleis du registrerer deg. Vårt organisasjonsnr. er: 984 112 580. 

Dersom du tippar på butikk vil ein enkel måte å registrere deg på er å skrive ut vedlagte dokument og ta det med til kommisjonær
for registrering.

 
Informasjonsmøte om utfordringane til laks og sjøaure
fredag 15. mai 2009

Etne Jeger- og fiskerforening vil i samarbeid med Hardangerfjord Villfisklag og Etne elveigarlag invitere til:

Orientering om og deltaking i prosjekt for restaurering av
lakse- og sjøaurestammer kring Hardangerfjorden.


Stad: Etne tinghus
Tid:   Torsdag 28.05.09, kl. 19:00

Les meir her.

 
Dugnad i elva
mandag 18. mai 2009
Det blir dugnad i elva, lørdag 23. mai kl. 1000.

Sonane skal gjerast klar for fiskesesongen.

Ta kontakt med Ragnhild om du har spørsmål.
 
Kastekurs med Baardsen
lørdag 23. mai 2009
Som så mange ganger før har EJFF i samarbeid med Baardsen arrangert kastekurs i sone 3.

Sjå artikkel med tekst og bilder medlem Jarle Gjerde, trykk her.
 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>

spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
   
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS