|

|
|
|
|
Nasjonal fangstrapportering av sjøaure! |
|
onsdag 27. januar 2010 |
|
Jan A. Vinje,
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Jarle Gjerde, som er medlem i EJFF, har tatt initiativ til felles nasjonal rapportering av lusesituasjonen på sjøauren. Dette er eit svært godt tiltak som vi håpar alle støttar opp om.
Sjå her for nærare omtale av prosjektet og sjå her for korleis de går fram.
|
|
|
onsdag 13. januar 2010 |
|
Jan A. Vinje,
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Det vart halde medlemsmøte på Rodin tirsdag 12.01.09. Saker som vart diskutert var:
- høyringsuttale til ny forskrift om fisketider
- korleis skal fiskedøgna fordelast til sommaren og korleis bør fiskereglane vera?
- klubbhus, kva gjere vi?
Det møtte fram 16 personar og diskusjonane var konstruktive og viktige. Med bakgrunn meininsutvekslinga vil styret gi høyringsuttale vedg. fisketider.
Med bakgrunn i meiningsutvekslingane rundt tildeling av fiskedøgn, fiskereglar og klubbhus, vil styret fremje forslag til saker på årsmøte.
|
|
|
onsdag 13. januar 2010 |
|
Jan A. Vinje,
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Fangstliste 2009 kan du finne her.
Denne rapporten er ny for året og viser ein interessant statestikk til slutt. Bl.a. kg og antall Catch/release og oppdrett. Statestikken viser også kg og antall fanga med dei ulike fangstreidskapa. Som De ser er det ikkje alle fangstar det er rapportert fangstreidskap på. For å styrke statestikken er det fint om de kan maile inn desse opplysningane.
Fangstilista er registrert med bakgrunn i innrapporterte fangstrapportkort. Dessverre er det berre 60 % av fiskedøgna som er rapportert inn. Difor har vi i tillegg sjekka i fiskepermane som har ligge ute i sonane og til slutt sjekka med laksebørsen.
|
|
|
Medlemsmøte på Rodin tirsdag 12.01.10 kl. 1900 |
|
mandag 04. januar 2010 |
|
Jan A. Vinje,
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Styret i EJFF ynskjer å drøfte fylgjande saker:
Framlegg til forskrift for regulering av fiske etter laks og sjøaure i vassdrag i Hordaland. Høyring.
Fylkesmannen i Hordaland har sendt ut framlegg til ein ny femårs forskrift. Frist for å kome med innspel til framlegget er 20.01.01. Framlegget finn du her.
Korleis skal fiskedøgn fordelast til sommaren og kva for fiskereglar skal gjelde?
Kva syn har medlemmene på spørsmålet om klubbhus?
Det blir servert kaffe og smørbrød.
Vel møtt!
|
|
|
Framlegg til ny forskrift for regulering av fiske etter laks og sjøaure i vassdarg i Hordaland |
|
torsdag 03. desember 2009 |
|
Jan A. Vinje,
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Fylkesmannen har i dag lagt ut forslag til ny forskrift med høyringsfrist 20.01.10. Ny forskrift blir fastsett 15.02.10.
For Etne kommune er fylgjande fisketider foreslått:
| Vassdrag |
Laks |
Sjøaure |
| Etneelva |
01.06 - 31.08 **) |
01.06 - 31.08 **) |
| Fjæraelva |
Forbode *) |
15.07 - 15.09 |
| Mosneselva |
01.07 - 15.09 |
01.07 - 15.09 |
Det blir framleis stilt vilkår til at det lokale fagråd og rettighetshavarar evaluerer sesongen løpande og sette i verk naudsynte fangstregulerande tiltak.
*) Fiske etter oppdrettslaks og regnbogeaure tillete i fisketida for sjøaure etter nærare reglar utarbeidd av fiskerettshavarane
**) Rettighetshavarane har innført døgnkvotar på fangsten
Fylkesmannen sitt forslag til ny forskrift finn du her.
|
|
| << Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
 |

|
|
|
|