spacer.png, 0 kB
Endeleg laks
mandag 15. juni 2009
 Jarle_Gjerde.jpg

Av Roy Martin Øyjord Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Det er framleis ikkje dei store aktivitetane i elva. Lite folk å sjå og laksebørsen forteller om lite fangst. Men som eg har nevnt før, dei som fiskar får som regel meir fisk enn dei som sit heime og klagar over dårlege forhold. I sone 3 på lørdag/søndag fekk Tom Hardeland 4 fiskar på land. Ein fin laks, ein flott aure og to mindre aurar som kun fekk ein advarsel! Dei mista også fleire.  
I dag fekk også Jarle Gjerde sin første laks på flue i sone 3. Han fiska litt utradisjonelt og det gav resultat på 3,4 kg. Gratulerer! I sone 10 blir det også jevnt og trutt tatt  ein og annan laks. 
Men kanskje slår fiske til for fullt mot helga. Det er meldt om store nedbørsmengder fra onsdag/torsdag. Og det rapporteres om mykje laks og gledeleg mykje aure i fjorden.  

Skitt fiske!

PS: Det har seg slik at ein god fiskevenn av Jarle har lova å slutte og røyke om Jarle får laks på flue. Sidan han akkurat i dag kom heim etter ei utanlandsreise, har han for salg ein 3-4 kvoter med Petterøes 3. Ta kontakt med Jarle om nokon vil kjøpa dette!
 
Fiskeutstyr mista
mandag 15. juni 2009

Ron Thompson slukstang i svart tube  + svart fiskevest gjengløymt i sone 2.

Har nokon tatt vare på dette?

 

Det er Kjell Ove Våg som har mista dette.

 
Stille før stormen?
mandag 08. juni 2009
 Sample Image  Sample Image
Fra venstre Kay Roger Tjøsvoll, Egil Tjøsvoll og Kjell Arnt Stava.  Egil Tjøsvoll vant sonen i Trekningen til Karmøy JFF. Han synes det er lite vann i elva og dårlige fiske forhold.

Av Roy Martin Øyjord

Etter ein tur langs elva mandags morgon var det lite fiskarar å sjå i sonane.Finveret gav sitt preg på elva med ei vassføring på vel 7 kubikk. Så for fiskarane sin del så langt i sesongen, har ikkje vergudane vore på den rette sida.Laksebørsen på Etne Camping kan og fortelle om lite fisk på land. Men er me fiskarar for lite kreative? Står me langs bredden og ventar på at elva og veret skal tilpasse seg mitt fiskeskrin, eller er det bare ikkje fisk i elva? Eg trur så absolutt at det er fisk i elva sjølv om den er låg og sola skin. Me har nok mykje å lera når det gjeld å tilpasse seg forholda i elva. Trur nå eg då. Men for all del! Det er ikkje sprekt med fisk i elva, det kan fleire fiskarar fortelle. Ikkje får dei noko og ikkje ser dei noko. I sone 10 treff eg fiskekameratane Egil Tjøsvoll, Kjell Arnt Stava og Kay Roger Tjøsvoll fra Karmøy JFF. Dei er ikkje så veldig optimistiske med tanke på å fange laks i løpet av dagen. Dei er trøtte og leie og reknar ikkje med å vera her heilt til kl. 18. i dag. For Egil sin del er det første fisketuren til Etne i år. Det blir nok fleire turar seier han. Han skal også nokon turar til Suldal og fiske i sesongen.
 
Sone 3 - 1. juni
torsdag 04. juni 2009
 roy2web.jpg

 

 

 roy3web.jpg  

Roy Martin Øyjord var og blant dei heldige i åpningsdagane. 2 lakser på henholdsvis 7,5 og 7 kg kom på land i solsteiken 2. juni. Begge blei fanga på spinner.

 
Hugs desinfiserings-/kontrollkort !
torsdag 04. juni 2009
Vi oppmodar alle om å få ordne seg desinfiserings-/kontrollkort før fiskestart!
Les meir...
 
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Neste > Slutt >>

spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
   
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS