spacer.png, 0 kB
Oppdrettsfiske
fredag 31. oktober 2008

Det er sett i gang oppdrettsfiske i Etneelva.

Resultatet onsdag, torsdag og fredag er omlag 36 oppdrettsfisk, herav 9 regnbogeaure.

Er nokon interessert i løyve kan du sende epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. .  Vi vil då vidareformidla
interessa til klekkeristyret så kan dei ta stilling til om dei vil skrive ut fleire løyve.

Det er pr. 121108 fanga over 100 oppdrettslaks.

 
Klubbmeister i leirdueskyting 2008
fredag 31. oktober 2008
Klubbmeister 2008 er frå Vindafjord og heiter Kolbein Lunde.  Kjell Harald Hardeland vart nr. 2 og Arne Gravelsæter kapra bronsen.  Det var god deltaking og mykje god skyting. At Kolbein trakk det lengste strået var ingen stor overrasking.  Han har trent godt og stabilisert seg på eit høgare og høgare nivå.  Vi gratulerer!
 
leirduemeister_2008.jpg 
 
Fiske for ungdom i sone 3
onsdag 13. august 2008

Etne Jeger- og Fiskeforening inviterer ungdom til fiske i sone 3 fredag 15. august kl. 1800.  Fisket varer til kl. 1800 dagen etter.

Det vil bli lagt vekt på flogefiske der vi vil snakke litt om flogeval og snøreval.  Det vil også vera mogleg å fiske med slukstang.

Vi vil lage litt grillmat og fotelje fiskeskrøner (Alle Terje sine fiskehistoriar er skrøner).

Ta med deg ein ven eller venninne og kom!

 
Ung storfiskar
onsdag 13. august 2008
Enda ein ungdom har fanga storlaksen i Etneelva, og sjølvsagt på ein av EJFF sine soner!

Laksen på 8,5 kg vart fanga på spinnar i sone 3 av Sindre Westre lørdag morgon 2. august.

storfiskar.jpg  farson.jpg 
 Ein stolt fiskar!  Far Dagfinn var minst like stolt
 
Weekend for barn og ungdom på Røde kors hytta
torsdag 28. juni 2007
Etne Jeger- og Fiskerforening følgjer opp suksessen frå i fjor og arrangerer Weekend på Rødekorshytta på Hjørnås!
Vi håpar mange melder seg på.

week_end-08.jpg 















(klikk på bilde for stort format)
 
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Neste > Slutt >>

spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
   
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS