spacer.png, 0 kB
EJFF sine soner er fantastiske ! PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Jan A. Vinje   
søndag 21. juni 2009

Av Jan A. Vinje, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Vi er nokre karar som nettopp har kome attende frå Stjørdalselva og nokre timar i Bjøra.
Vi har tidlegare også vore i andre trøndelagselvar.

Konklusjonen er at EJFF sine soner i Etne er FANTASTISKE! Eg vågar å påstå at det er ikkje mange fiskesoner i Norgeg som er så tilrettelagt og med så gode fasiliteter!  Det er heller ikkje mange elvar i Noreg som kan konkurrere med Etneelva dersom samla fangst vert delt ut på kvm elv.

At det er litt dårleg for tida må heller ikkje overraske nokon.  Andre elvar opplever i periodar akkurat det same! Dette kan skyldast fleire forhold, men det er uansett viktig å ha snøre uti!

Oppfordringa mi er at grunneigarar i Etne og andre plasser ser på EJFF sine soner og prøver å strekkje seg til noko liknande.  Eg er heilt overbevist om at det er lettare å gløyme at ein ikkje fekk fiske dersom den totale opplevinga var flott.  Det er også lettare for at fiskarane kjem attende.

Grunneigarar; skjerp dåken !

 
spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
   
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS