Lørdag 21.04 vart det arrangert flogekastekurs i Etneelva. Det var fint ver og godt oppmøte. Kurset vart arrangert
i eit samarbeid mellom EJFF, Baardsen og Nordic Outdoor. Det var mogleg for alle å prøve utstyr i alle prisklassar. Lørdagen gjekk med til kastetrening i sone 3, både med einhands og tohands stenger i ulike prisklassar.
Søndag 22.04 vart det kurs i praktiske saker slik som val av snøre og fortaum, spleising av liner m.m.
(klikk på bilde for stort bilde)
Monica Svendsen i full
konsentrasjon.
Deltakerane på kurset var både nybegynnarar og
"gamle traverar". To av dei nye var Åsmund Hovda
og faren Anders.
Det var mykje utstyr å få prøvt - i alle prisklassar.
Det var ikkje berre å kaste - litt teori måtte også til.
Vegar Grumheden (formann i Fiskeutvalet)
serverer litt å bite i. Han har litt vanskar
med å rekne ut kor mykje vekslepengar
han skal gi igjen. Det er lenge sidan han gjekk
på skulen!
Instruktørane tar seg ein pause . . .
Roy Martin Øyjord hadde tatt på seg ansvaret
med å lage mat til kursdeltakerane. Valet falt
på betasuppe. Den var god og falt i smak
hos alle.
Alle instruktørane samla. Frå venstre: Sindre,
Terje, Ove og Frode.
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS