Etnebuen - Kjartan Strømø - konfirmant av året, har
allereide sikra seg ein plass i historiebøkene.
Fredag kveld den 1. juni 2007 kl. 2245 drog han på
land eit prakteksemplar av ein laks. "Dama sine"
vitale mål viste 12,5 kg og 108 cm !
Laksen vart fanga på spinnar og gutalarven brukte
ikkje meir enn 10 minutt på å landa fisken. Snakkar
meg om!
(klikk på bilde for større bilde) Foto: Jan A. Vinje
,
(klikk på bilde for større bilde) Foto: Jan A. Vinje
(klikk på bilde for større bilde) Foto: Jan A. Vinje
Er det mogleg med finare motiv. Det har sjeldan vore
stoltare fiskar i Etneelva, om nokon gong, og det
med rette.
Mange fiskarar brukar eit heilt liv på å prøve å lure
storlaksen og dei fleste lykkast aldri. Kjartan klarte
det i ein alder av 14 år!
Det er ikkje rart at han er stolt. Det var forresten
pappa Ole og mamma Tone også. Skulle nesten
tru det var dei som hadde fått fisken!
Fotoseansen tok litt tid, og fisken var tung.
Til slutt måtte Kjartan ha hjelp av ein kraftig
pinne for å klare å halde laksen for fotografen.
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS