Endeleg! Vegar - formann i Fiskeutvalet i EJFF - har endeleg fått
årets første fisk!
Fisken vart fanga i sone 3 på einhands flogestang i går
kveld. Fisken var stri å få på land, men heldigvis har
Vegar stor erfaring med å fanga slike fiskar.
Etter 17 minuttars kamp var fisken trygt på land og
festen kunne begynna. Eg har ikkje sett noko til Vegar
i dag, men eg har misstanke om at festen ikkje er slutt.
Det er fantastisk stort å få oppleva at ein vaksen
mann, som tross alt har tatt nokre tertar tidlegare
år, kan bli så glad for årets første fisk.
Takk for den fine stunda ved elva!
Klikk på bilde for større bilde Foto: Jan A. Vinje
Her er beviset!
Fisken måtte til slutt gi seg og det var ikkje ein lite
stolt fiskar som kunne vise fram årets første fisk!
"Sjå, er han ikkje fin!" Eg måtte sjølvsagt samtykke
i at dette var noko av det finaste eg har sett. Vegar
vart så rørt at han fekk tårer i augo. Det er fint at vaksne
folk kan visa slike følelsar.
Til slutt: Gratulere Vegar med årets første fangst!
Klikk på bilde for stort bilde Foto: Jan A. Vinje
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS