Som ein gest til den eldre garde, som blant har betydd svært mykje for kultivering av Etneelva, arrangerte EJFF fest for medlemmer over 60 år fredag 27. juni i sone 10. Det vart eit hyggeleg selskap som vart sett stor pris på av frammøtte.
Gamlegutta samla! Det vart eit lystig lag med mange
morsomme historiar. Frå venste Vegar Grumheden (arr.),
Erling Grindheim, Johannes Kambo, Leif Johnny Ness,
Kjell Harald Hardeland, Trygve Birkenes, Arne Birkenes og
til slutt grand old man Johannes Kambo.
Alle hadde mange gode og interessante historiar å fortelje
om fiske i tidlegare tider. Den gongen det var mykje fisk
i elva meinte dei. begge foto: Jan A. Vinje (arr.)
Leif Johnny Ness var spesielt beden til festen. Han er sannsynlegvis den personen som har fiska aller mest i Etneelva, til saman 55 år! Han er snart 80 år og framleis i full vigør! Han hadde fleire fiskehistoriar å fortelje og til og med eit sjølvlaga laksedikt som han framførte med stor innleving.
2007 - Etne Jeger og Fiskeforening - Alle Rettigheter Reservert :: Levert av Nextline AS