080713LasseSone2Laks_9kg-02_1200px

Ein laksefiskar er født

Lasse Grindheim kan endeleg kalla seg laksefiskar !

Lasse er ganske ny i "faget" og har vore litt uheldig og mista eit par store laksar, den siste i dag. Standhaftig som han er gav han likevel ikkje opp,  og voila, storlaksen vart endeleg landa. 9,0 kg på spinnar i sone 2. Faren - Geir Grindheim - som stort sett får mindre fisk - fekk eit farsleg uttrykk i andletet og vart blank i augo. Om han var stolt eller misunneleg, det veit vi ikkje sikkert ...

080713LasseSone2Laks_9kg-02_1200px
Foto: Jan A. Vinje

Bilde er tatt seint om kvelden i sone 10 etter at Even Mæland tok med seg Lasse og laksen for vektkontroll. Lasse var sjølvsagt hoppande glad og meinte at følelsen han fekk etter at fisken var trygt på land overgår alt, absolutt alt.. Even fortjener også ein takk sidan han ofra seg og vart våt for livet og ned for å hjelpe til med å få fisken på land.
(Trykk på bilde for stort bilde)