Endeleg er sesongen i gong ...

157_5722

Mens mannfolka satt og fortalte skrøner og hadde ange meiningar om korleis fisken skulle takast på
land gjorde Sonja Frafjord det enkelt. Ho brukte ein spinnar, landa først ein laks
på 9,5 kg kl 0900, deretter ein til på 6 kg eit kvarter seinare...
.. Tja, kvifor ikkje gjera det enkelt.. Så kan mannfolka
sitja og fundera på kva for floge dei skal bruka..

opning3-08

Det er alltid spennande med opningsdøgn.
Roy Martin Øyjord var den heldige vinnaren av trekninga
og kunne velgs sone først.
Han valgte sone 3, og alt låg til rette for eit godt
opningsdøgn.
Aller først må det etast slik at ein er klar til ei stri tørn
i elva utover natta og morgonkvisten.
Dessutan må det jo utvekslast litt skrøner og
litt meiningar om korleis fisken skal lurast.