Når dette vedtaket vart kjent sendte vi epost til leiaren i Etne elveigarlag:

​"Kva for faglege vurderingar ligg til grunn for dette vedtaket?
Har styret informasjon som tyder på at målet om gytebestandsmålet ikkje blir nådd, med svært god margin?"

​"Dersom styret har rådført seg med Fagrådet, Vitenskapeleg råd for lakseforvaltning, Fylkesmann eller andre ber vi om å få tilsendt korrespondansen med disse. Vi ber også om at de sender over styreprotokollen."

Dette vart gjort for å kunne gi våre medlemmer og andre kunder skikkelig informasjon om bakgrunnen for vedtaket.

​Svaret vi mottok inneheld blant anna:

"Eg har snakka med og fått ymse anbefalingar frå fleire hald, bla. felle folket og Vidar i fagrådet.

Fagrådet hadde ikkje anbefalt fiske på Auren allerede før årsmøtet. Tallene er ikkje svært imponerande no, og fangstane visar at det er stor aure som vert fiska, stor aure som kjem attende... andre og tredje gang, då vert det hausta direkte av stamfiskane. Det er også knytt bekymring til at når ein har landa laksekvota, så fortsetter fisket, og der kan bli påført unødvendig skade.

Angåande laksen er det også bekymringar omkring fangsten på dei store fiskane. Og vi vart einige om ein liten justering. Trofé fiskane kan fortsatt vegast og målast i nett før ein slipp dei utatt. Der er gått opp vel 5 tonn laks, og drøyt 3 tonn av det er hofisk. Derer fiska ut godt 1700 kg. Måltalet er nådd, men nedgangen siste tida bekymrar. Sett mot den gode fangsten. fortsetter fangsten med slike gode tal, mot nedgongen i mengde som kjem opp, krympar gapet til måltalet. Eg ser ingen grunn til å gambla med eigendomen til grunneigarane. Finn du ein som vil det, må du endeleg melda han inn til valnemda, stillingen er ledig kvart år ;) 

Vi har eit ansvar for trygg og god forvaltning, som skal sikra levekåra for fisken framover."

​Styret i EJFF har hatt eit styremøte kor dei nye reglane vart diskutert. Vi vil etterkvart kome med ein uttale.