| Hugs desinfiserings-/kontrollkort ! |
| torsdag 04. juni 2009 | |
|
Vi oppmodar alle om å få ordne seg desinfiserings-/kontrollkort før fiskestart!
Etter ein kontroll med nokre fiskarar kvelden 3. juni registrerer vi at det er mange som ikkje har desinfiseringskort og/eller kvittering på betalt Fiskeavgift. Det er viktig å vera klar over at det er krav om kvittering på betalt desinfiseringskort og Fiskeavgift før det er tillatt å fiske i Etnevassdraget. Kravet gjeld også for fiskarar som kun fiskar i Etneelva og/eller som ikkje har fiska andre elvar i år. For desse er det ikkje krav om at utstyret skal desinfiserast, men desinfiserings-/kontrollkortet må likevel alle skaffe seg. Desinfiseringsstasjonen er på Etne Camping. Årsaken til kravet er at fiskaren skal ha eit bevis dersom det skulle bli kontroll frå Statens fiskeoppsyn. Hugs også at Fiskeavgifta skal betalast! |