|
fredag 19. juni 2009 |
|
 |
 |
| Leif Handå med laksen på 7,5 kg i sone 3. |
Oskar (t.v.), Therese og Egil var glade for at dei fekk vera med papen og onkelen på fisketur til Etne. Det aller jevaste var at dei hadde fått fri frå skulen idag.
|
Reidun og Ivar Ingebretsen.
|
Av Roy Martin Øyjord
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Etter ein del regn siste døgnet gjekk elva i vel 18 kubikk i dag morges, og Forholda var optimale. Men mengder med fisk blei det ikkje tatt i gårkveld og i morgontimane. I sone 3 var Leif Handå med ein kompis og nokon familiemedlemmer. Leif landa ein laks i går kveld på 7,5 kg. Den fekk han på makk. Utover det var det lite å sjå så langt.
I sone 10 var det ikkje landa nokon laks føreløpig. Der var Ivar og Reidun Ingebretsen fra Lyngdal og fiska. Dei har vore faste fiskarar i Etneelva i 15 år. Og trivest fantastisk her, kan dei fortelle.
|