Det er sikkert mange som lurer på kva som skjer i Etneelva for tida. EJFF er representert i Etne elveigarlag og styret i elveigarlaget har førebels utarbeidd litt informasjon om status. Meir vil kome etterkvart.

Vi oppmodar interesserte til å ta kontakt med oss om de har spørsmål eller innspel til tiltak vi bør setje iverk eller andre forhold som de trur kan bidra i kampen mot oppdrettsnæringa. For første gang vart det i år stopp i ein over hundreårig sportsfisketradisjon og ein enno lenger
tradisjon for grunneigaren til å fiske laks i elva til eige hushald.
Til no er 120 elvar stengde, dei fleste på Vestlandet. Årsakene er klare, verknaden av rømd oppdrettslaks og ein stadig aukande mengede lakselus er no i ferd med å utrydda dei siste stammene av villaks og sjøaure.
Dei to siste åra har me ikkje klart å nå gytebestandsmålet for vår elv, og prognosane for årets tilbakevandring av laks var så dårlege at årsmøtet med overveldanded fleirtall bestemde at det ikkje vert opna for fiske i år. Sørelva er også stengd, og Fylkesmannen har no i ettertid nærast av formelle grunnar bekrefta stenginga.

I desse dagar vert det sett opp skilt med tekst ” Fiske forbudt ” langs elva frå Vassenden til Fitja.
Grunneigarane vert oppmoda om å ha tilsyn med elva for å hindra ulovleg fiske.

Styret i elveigarlaget jobbar gjennom fleire kanalar for å få myndighetene på banen i ein freistnad på å sikra og bygga opp att Etnelaksen gjennom finansiering av aktuelle tiltak.
Det vert jobba mot ulike forvaltingsnivå både sentralt og regionalt , men dette er ein lang og kronglete veg å gå , og det tek tid.

Det foregår også i år ein del forskingsaktivitet i elv og fjord.

Det er enno ikkje avklart om det denne sommaren vert kilenotfiske etter rømd oppdrettslaks på Børkjenes.

I Etnefjorden vert det i tre periodar fiska med trål, garn og oter etter sjøaure og laksesmolt for å registrera mengda av lakselus . I den første perioden vart det i Etnefjorden registrert om lag samme mengde som tilsvarande periodede i fjor , medan det i midtre Hardangerfjorden var registrert langt høgare tall. Neste fiske/telleperiode er uke 25 og då rekna ein med ein sterk auke i antall lakselus. Denne tellinga går i regi av Havforskingsinstituttet.

Også i år reknar me med å levera materiale av Etnelaks til det sokalla Guddalsprosjektet som er ein del av eit forskningsposjekt for heile Hardangerfjordsystemet , kalla Epigraph, organisert av Havforskinga..
I tillegg til å betala oss kr. 100.000.- for materialet ,har dei også teke kostnaden med opprusting og drift av klekkeriet med ca. kr. 150.000.-

Av det samme materialet skal me også i år levera til den levande Genbanken i Eidfjord., og overskotet etter desse leveransane vert sett ut i elva vår som plommesekkyngel.
Genbak delen vert finansiert av Direktoratet for naturforvalting.

I 2008 vart det gjennomført ei ungfisktelling, og ei slik telling er viktig for å danna seg eit bilde av situasjonen i elva. Registreringa vart utført av Rådgivende Biologer, og betalt av Epiraaph. Me har eit håp om at det denne hausten / vinteren kan gjennomførast ei slik telling.

Også til hausten vert det gytefisktelling utført av Unifob v/ Bjørn Barlaup ,Universitet i Bergen. Dette vert finansiert av Direktoratet som ei følge av vår status som nasjonalt laksevassdrag.

Utfiske av rømd oppdrettslaks må vidareførast med minst like stor intensitet også denne hausten. Ein del kan samordnast med bruk av froskemenn i samband med stamfiske , gytefisktelling og ungfisktelling.

Me har eit ynskje om å få lagt eit kurs til Etne i sommar for opplæring av lokale froskemenn som kan vera med å plukka ut rømlingar.
Dette vil me komma attende til når det vert ei avklaring på om me får eit slikt kurs eller om me må reisa til ein annan stad.

Situasjonen for villfisken er no så alvårleg at Fiskeridirektøren har teke initiativet til eit nasjonalt Pilotprosjekt for Hardangerfjorden. I beskrivelsen av prosjektet er Etneelva sentral.
Av konkrete tiltak vert nemd ei fiskefelle i osen for utsortering av oppvandrande rømlingar og fanging av utvandrande smolt for evt. medisinering mot lakselus. Videre vert det peika på dei store resursar som allerede finst, og tek til orde for videre kultivering og utviding av klekkeriet. Eit arbeidsutval med representantar frå forskning og forvalting er etablert , og det vert no jobba med mandat og prioritering av oppgaver.
Etne Kommune var sentral i arbeidet med å gi støtte til prosjektet frå dei seks kommunane i indre del av fylket. Vidare er det teke initiativ for å få møta fiskeri og kystministeren i håp om støtte til prosjektet.

Av andre tiltak som det vert jobba med er å få på plass eit tellesystem gjerne i kombinasjon med video overvaking på for eksempel tre stader i elva.

Alle tiltaka og aktivitetar i elva som her er nemde må godkjennast av Fylkesmannen som stiller ei rekje krav, m.a. løyve frå grunneigar. Me tek sikte på å gjennomføra tiltaka som i fjor, og ber med dette om grunneigar sin tilatelse til slik aktivitet. Dersom nokon har merknader eller vil motsetja seg slik aktivitet på sin eigedom ,vert beden om å ta kontakt med formannen innan 1. juli.

Me må truleg belaga oss på at elva vert stengd også neste sesong, men dette er for tidleg å seia noko om enno. Me må lytta til faglege råd og så må me nytta tida godt og jobba for å få laksestamma i ein slik stand at det på ny kan opnast for fiske.
Største problemet er knytta til overleving i sjøfasen.

I mellomtida kan det vera nyttig å tenkja gjennom andre sider ved vår virksomhet,som t.d.
- har me ein tenleg organisasjon
- er me flinke nok til å samarbeida , er me villig til å engasjera oss
- organiserer me utleige på ein optimal måte
- treng me ein felles dataportal
- skal me organisera og gjennomføra ei felles booking ordning for heile elva
- me må heva standarden langs elva med omsyn til rydding, tilkomst ,fiskebuer og tilrettelegging slik at produktet vert langt meir tltalande.
Sjølv om det no vert ein pause så ikkje la det ”gro over”.

Me må ha trua på ei framtid for Etnelaksen , men uansett vert det eit skille ” før og etter stoppen”

Ha ein fin sommar sjølv utan laksefiske.