JAN A. VINJE

Informasjonsmøte fiskefella, tirsdag 26. januar kl. 1900 - 2100

Vi har lenge blitt lovt og vi har venta på at det vil bli halde informasjonsmøte om fiskefella i Etne. No skjer det.
​Det er mange som er spent på om fella no blir fjerna, flytta eller .. Pilotprosjektet er slutt og vil ikkje bli forlenga utan at andre parter tar initiativ.

​Vi oppfordrar alle som har meiningar eller spørsmål om å stille opp på møtet.

På neste side finn de møteinvitasjon og dagsorden. Her finn de også ein rapport frå prosjektet.

Invistasjon frå Øystein Skaala, mottatt på epost torsdag 21.01.

"Status for fiskefella I Etnevassdraget

Etnevassdraget er av Stortinget utpeika som eit nasjonalt laksevassdrag der villaksen skal ha særskilt vern. Mengda av rømt oppdrettslaks i vassdraget har uroa både fiskeri- og miljøforvaltinga sidan registreringane starta på slutten av 1980-talet. Etne elveeigarlag har ved fleire høve etterlyst tiltak mot rømt oppdrettsfisk i vassdraget.

Fiskeridirektoratet etablerte i 2010 det nasjonale pilotprosjektet Prioriterte strakstiltak for sikring av anadrome bestandar av laksefisk i Hardangerfjordbassenget i påvente av langsiktige forvaltingstiltak. I dette pilotprosjektet inngjekk arbeidet med å prøva ut om den nordamerikanske laksefella Resistance Board Weir er eigna for å stoppa oppvandring av rømt oppdrettslaks, noko som ikkje har vore muleg med dei tiltaka ein har prøvt tidlegare. Resultata er oppsummert i vedlagt rapport. Resultata har vist at fella har mange positive funksjonar og at  behandlinga av fisken på fella ikkje påvirkar fisken sin ”bitevilje” .  Det er vist at fella stoppar nær på all oppdrettsfisk som er på vei opp i elva. Smittetesting i 2014 viste at  mykje av den rømte fisken var smitta med PRV eller PD. Fella har også generert data på villaks og sjøaure som er unike i nasjonal samanheng.

Det 3-årige pilotprosjektet vart avslutta som planlagt hausten 2015 og frå elveeigarar og forvalting er det reist spørsmål om kva som skjer vidare med aktiviteten i Etnevassdraget. Havforskingsinstituttet har vedteke å vidareføra drifta av fella som ei nasjonal forskingsplattform for rømt oppdrettslaks, villaks og sjøaure. Ein viktig føresetnad for dette er positiv interesse lokalt og hos villaksforvaltinga, og at det lukkast å fullfinansiera drifta.  

Som ledd i prosessen vil Havforskingsinstituttet halda eit informasjonsmøte om dette i Skakkesenteret, Etne, tysdag 26. januar kl 19-21.

Vi ser fram til å høyra Dykkar syn på planane.

Med helsing

Dr. Øystein Skaala
Prosjektleiar
Havforskingsinstituttet
Postboks 1870 Nordnes
5817 Bergen
Mobil: 476 27 878
www.imr.no"


Dagsorden

Tid

 

 

1900 - 1930

Havforskningsinstituttet

Velkomen

Erfaring med fiskefella, plan vidare

1930 – 1945

Miljødirektoratet v/Fylkesmannen

Fella i Etne og overvaking av villaks og sjøaure

1945 – 2000

Norges Jeger- og fiskerforbund

Synspunkt på fiskefella i Etne

2015 – 2030

Etne elveigarlag

Kva no ?

2030 – 2100

 

Kaffi, spørsmål og diskusjon

2100

 

Møtet slutt