Koseleg fest for medlem > 60

Foto: Jan A. Vinje

(Frå venstre: Johannes Kambo, Trygve Birkenes, Knut Grindheim, Arne Ekrheim, Johan Hamre, Kjell Harald Hardelandk, Erling Grindheim)
Dette er ein gjeng som samla har bidratt til at EJFF er den vi er.

Fredag 29.06 vart festen for medlem over 60 arrangert i sone 2. Været var fint og stemninga upåklageleg.

Vegar Grumheden ordna med mat. Med litt hjelp av Bernt Enge - som bidro med saus og dessert - vart måltiden, entrecote, ein suksess.

Det vart mimra om Etne Jeger- og fiskerforening sine mange historiske milepælar frå etableringa i 1970. Det er kjekt og spennande å høyre på. Det er mykje å fortelje !
Fiskehistoriar vart også formidla med stor innleving.

Bildeserie finn du her.