Kurs i hagleskyting

Fikse leirduebane inviterer til kurs i hagleskyting

Fredag 27. mars kl. 18:00
Teori om tryggleik, skyteteknikk og ammunisjon.
Møtestad: Vindafjord Jakt- og Fiskelag sitt klubbhus nedanfor Ølen kyrkje.

Lørdag 28. mars kl. 11:00
Skyting på Fikse leirduebane. Det blir mogleg å prøve mange ulike typar hagler.

Kurset er gratis, men deltakarane må betale for skyteseriane på lørdagen.

Påmelding ved oppmøte.

Ring 907 45 718 om du har spørsmål.

Vel møtt!