Medlemsmøte - fiskefelle

2013 har vore eit krevande år for styret. Drøftingar rundt plassering av fiskefella har tatt stor plass og styret meiner saksgangen har vore kritikkverdig og at vi ikkje er likebehandla med andre rettighetshaverar. Det har resultert i mykje støy, noko vi synest er svært negativt for foreininga.

No er fella på plass i sone 3 og styret håpar at fella fungerer godt og blir drifta effektivt slik at ulempen for fiskerane blir så liten som mogleg.

Torsdag 30. mai vart det gjennomført medlemsmøte med blant anna "Status fiskefelle" på saklista. Fleire enn 20 medlemmer møtte opp og styret fekk stor støtte for å legge saka om plassering av fiskefelle bak oss og bruke tida framover på positivt arbeid, 
slikt som på leirduebanen, forvaltning av prestaretten og aller viktigast, barne- og ungdomsarbeid.

Drifting av fella er delt opp i to prosjekt. Fellestyret har anvaret for å få fisken i kar på land og Havforskningsinstituttet - som har ansvaret for følgeforskninga - skal vurdera kva som er villfisk og kva som er oppdrettsfisk. Sikker oppdrettsfisk skal avlivast mens på villfisken skal det takast mål og prøvar, og til slutt fettfinneklippast før utsetting i elv.

Begge prosjekta har ansatt personell. Det vil likevel vera behov for reservepersonell for å kunne bistå ved stor oppgong eller ved andre behov.

Interesserte medlemmer kan føre seg på aktuell liste som heng oppslått nede ved fella. Begge prosjektgruppene har budsjett til å godtgjera dette arbeidet. Medlemmer som ynskjer å gjera arbeidet til inntekt for foreininga melder dette til prosjektet og rapporterer timane til EJFF sitt styre som dugnadstimar. Dei som ynskjer å motta personleg løn melder frå til prosjektet om det. Desse timane skal ikkje meldast til EJFF sitt styre som dugnad.

Kontaktperson for Fellestyret er Vidar Børretzen, tlf. 979 88 354
Kontaktperson for Havforskningsinstituttet er Øystein Skåla, tlf. 476 27 878