Aktiviteten har i alle år vore knytt til arbeidet med Etneelva og drift av eigen leirduebane.

Foreningen har heilt sidan oppstart vore ein viktig drivkraft i kultiveringsarbeidet i Etneelva. Det var fleire eldskjeler i foreninga i dette arbeidet, og mykje av arbeidet var nybrotsarbeid.

Foreningen hadde også stor aktivitet på leirduebanen på Vae. Denne banen vart nedlagt for omlag 15 år sidan pga. at ei ny 60 kWh-linje vart lagt rett over baneanlegget.

Vi har i dag bygd ny bane på Fikse, midt mellom Ølen og Etne. Baneanlegget er eit samarbeid mellom Etne og Ølen og vart offisielt opna i 2005. Banen er blitt svært flott og aktiviteten er aukande.

Foreininga sitt hovudformål er:

  • Å vera ein aktiv interesseorganisasjon som ivaretar medlemmene sine interesser innan jakt, fiske, naturforvaltning og friluftsliv.

  • Å arbeide for at det enkelte menneske skal læra seg å forstå ansvaret sitt for den levande natur som omgir oss, verdien av ansvarsbevisst jakt og fiske, og ved å vise omsyn til alt levande i all vår ferdsel i skog og mark.

  • Å lette medlemmene sin tilgang til å drive jakt og fiske, om nødvendig ved å leige jaktterreng, fiskevatn og elvar som blir stilt til medlemmene sin disposisjon, samt ved å drive kulturarbeid for å halde vedlike og bygge opp fisk- og viltbestanden innan foreininga sitt arbeidsområde.

De kan få kontakt med oss på etnejff@gmail.com  beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
eller

Etne Jeger- og Fiskerforening
Haukelivegen 932
5590 ETNE

Vil du bli medlem, trykk her.