Positivt medlemsmøte med fiskefelle som hovudtema

Arbeidet med fiskefelle har tatt svært lang tid og det har blitt stilt spørsmål til framdrifta i prosjektet og om EJFF si deltaking. 

Det vart difor halde medlemsmøte torsdag 31.01.13 der styret ved leiar Jan A. Vinje orienterte om Pilotprosjektet generelt og om Fiskefella spesielt.

Presentasjonen finn du her.


Det er over 2 år sidan det første gong vart snakk om å etablera fiskefelle i Etnevassdraget. Det har tatt alt for lang tid, men i oktober i fjor vart det skriven avtale om etablering og drift av fiskefelle, avtalen finn du her. Sidan november i fjor har eit nyetablert fellestyre sett fart på arbeidet. Det synest vi er flott !

Straks fellestyret var etablert har EJFF engasjert seg i prosjektet og meldt inn at tidlegare kartlegging var ufullstendig og mangelfull. Å installere fiskefelle i sone 3, kanskje den mest attraktive fiskesonen i elva, meinte vi var forhasta. Vi meinte fleire lokalitetar burde kartleggast, der også kartlegging av botnforhold og straumfart vart gjennomført.

I januar vart denne kartlegginga gjennomførtt av Øystein Skaala, saman med to feltbiologar i dykkardrakt frå UNI Miljø. Resultatet av kartlegginga finn du her.

Det betyr at vi endeleg kan diskutere eigna lokalisering av fella med bakgrunn i fakta.

Med bakgrunn i kartlegginga har vi fått stadfesta frå fellestyret at Sone 3 (15 m ovanfor Enge bru) og sone 4 er aktuelle lokalitetar. Dette er kvalitetssikra med leverandøren av fiskefella.

Medlemsmøtet var svært positive til fiskefella og svært mange var interessert i å hjelpe til med å drifte fella. Det trur vi er heilt avgjerande for at prosjektet i det heile skal la seg realisera. Vi vil prøve å få kartlagt omfanget av driftinga så snart som råd for deretter sjekke ut om budsjettet i avtalen er forsvarleg.

Dette betyr at EJFF igjen tar ansvar for villaksen og forvaltning av etneelva og vil gjera det vi kan for at fiskefella blir montert i år. Fella kjem til Etne medio mars og det må utførast førebuande arbeid før denne tid. Difor hastar det.

EJFF vil arbeide for at fella blir plassert i sone 4 og at prosjektet yter grunneigar (-ar) og fiskerettshaverar fornuftig økonomisk kompensasjon.