Strålande fin dag på Olav Vik stiftinga

Foto: Jan A. Vinje

Søndag 21. oktober vart det gjennomført ein strålande familiedag med aktivitetar på Olav Vik stiftinga på Osnes.

Mellom 40 og 50 personar var innom gjennom dagen og vaksne og ungar storkoste seg i flott ver.

JarleGjerdeFiskeInfo
Foto: Jan A. Vinje

Kunnskapskonkurranse om fiske

Jarle Gjerde informerte ivrige ungar (og vaksne) om ulike fiskeslag og kva som skiljer den eine frå den andre. Ungane syntest dette var kjempekjekt !
KjellToreInstruererBogeskyting
Foto: Jan A. Vinje

Bogeskyting

Kjell Tore Klungeland instruerte ivrige ungar i bogeskyting.
BullsEye
Foto: Jan A. Vinje

Bullseye !

Det var faktisk ein av ungane som hadde denne treffen. Kan vanskeleg gjerast betre !
VinnerarKonkurranseTreslag
Foto: Jan A. Vinje

Kunnskapskonkurranse om tresorter

Kunnskapskonkurransen gjekk også utpå å gjette rett treslag utifrå greiner, lauv og kubbar. Lars Kjetil Flesland var kyndig dommar.