Takk til Etne Sparebank !

Banken vår, Etne sparebank, er 150 år og har feira skikkeleg med mange ulike arrangement. Som ein del av feiringa har banken bestemt å dele ut ekstra mykje pengar - 3,5 mill. kr - til lag og foreningar i jubileumsåret. 

Lag og foreningar vart oppfordra til å søkje og vi søkte om midlar til å utvikle leirduebanen vidare, bl.a. med nye leirduekasterar.

Vår eminente kasserar, Knut Grindheim, representerte laget vårt på jubileumsfesten laurdag 17. april. Namnet vårt vart lest opp og vi fekk tildelt ein gåvesjekk på kr 50.000! Fantastisk flott.!

Tusen takk til Etne sparebank! Pengane kjem godt med.