Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

EJFF sine soner er fantastiske !

Vi er nokre karar som nettopp har kome attende frå Stjørdalselva og nokre timar i Bjøra.
Vi har tidlegare også vore i andre trøndelagselvar.

Konklusjonen er at EJFF sine soner i Etne er FANTASTISKE! Eg vågar å påstå at det er ikkje mange fiskesoner i Norgeg som er så tilrettelagt og med så gode fasiliteter! Det er heller ikkje mange elvar i Noreg som kan konkurrere med Etneelva dersom samla fangst vert delt ut på kvm elv.

At det er litt dårleg for tida må heller ikkje overraske nokon. Andre elvar opplever i periodar akkurat det same! Dette kan skyldast fleire forhold, men det er uansett viktig å ha snøre uti!

Oppfordringa mi er at grunneigarar i Etne og andre plasser ser på EJFF sine soner og prøver å strekkje seg til noko liknande. Eg er heilt overbevist om at det er lettare å gløyme at ein ikkje fekk fiske dersom den totale opplevinga var flott. Det er også lettare for at fiskarane kjem attende.

Grunneigarar; skjerp dåken !