Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Etneelva kan bli opna også i 2014

Tirsdag 18. februar vart det halde årsmøte i Etne elveigarlag.

Tilrådinga frå styret var å stenge Etneelva for fiske. Årsmøtet ville det ikkje slik, men det kan likevel bli tilfelle.

Vedtaket vart: "Opningstida for Etneelva i 2014 blir 15.07 - 15.08, under føresetnad av tilstrekkeleg med fisk ved midtsesongevaluering".

Registreringar i fiskefella bør gi styret i elveigarlaget tilstrekkeleg med kunnskap for å gjera eit klokt vedtak tidleg i juli.