Spørsmål frå EJFF:

Etne Jeger- og fiskerforening er bekymra for framdrifta i arbeidet med å få på plass fangstfelle i Etneelva.
Det har lenge vore ein føresetnad for oss at prosjektet er forankra i:

- forvaltninga
- forskninga
- lokale villfiskinteresser
- oppdrettsnæringa

og at oppdretsnæringa tar ansvaret som forureinar og fullfinansierer prosjektet, både investeringskostnadene og driftskostnadene i heile pilotperioden.

Vi er gjort kjent med, og er uroa over, at oppdrettsnæringa - igjen - gjere kva dei kan for å torpedere prosjektet ved ikkje å ta eit slikt ansvar.

Er du rette personen til å gi oss nokre kommentarer til status i saka?
Kva skal til for at vi får realisert prosjektet i år?

Svar frå Terje Magnussen:

Hei igjen,

Eg må tilstå at eg er bekymra sjøl… Men det som synas mest kritisk no, er ikkje konflikten mellom villfisk- og oppdrettsinteressene.Etter det siste styringsgruppemøtet for Hardangerfjordprosjektet verkar det som finansieringa m.o.t. kjøp og drift av Etnefella er sikra. Men det er ei anna hindring -

På møtet kom det fram at godkjenninga av felleprosjektet er sendt frå NVE regionalt til prinsipiell vurdering sentralt.  Dette kan i verste fall bety at oppsettinga av felle ikkje skjer i 2012. (Det vil ta ein del månader frå fella er tinga til ho er ferdig montert.)

Gode krefter jobbar med å få forsert denne saka, så kanskje går det i orden likevel.

Elles kan det stadfestast at alle partane du nemner står bak dei planlagde tiltaka i Etnevassdraget.

Oppfølgingsspørsmål frå EJFF:

Hei
Takk for svar.

Du skriv "Etter det siste styringsgruppemøtet for Hardangerfjordprosjektet verkar det som finansieringa m.o.t. kjøp og drift av Etnefella er sikra. " Den har vi høyrt før, dessverre.

Kva for garantier har vi no for så er tilfelle. Kven skal betale og kven garanterer for at så blir gjort?

Du skriv også at "gode krefter" arbeider med saka, kven er det og kven arbeider dei imot?

Eg får mange spørsmål frå våre medlem vedgåande fangstfella og eg har tenkt å legge ut litt informasjon på heimesida.

Derfor håpar eg du kan svare på spørsmålet og evt. bidra med ytterlegare informasjon til nytte for våre medlem.

På førehand takk.

Svar frå Terje Magnussen:

Du syner til formuleringa ” "Etter det siste styringsgruppemøtet for Hardangerfjordprosjektet verkar det som finansieringa m.o.t. kjøp og drift av Etnefella er sikra.  " 

Eg står fast ved denne utsegna, men diverre har partane i styringsgruppa ikkje blitt samde med omsyn til ansvaret for følgjeforskinga som er knytt til felleprosjektet.  Og så har vi i tillegg søknaden til NVE som må få grønt lys.  Finansieringa av sjølve fella og drifta har oppdrettarane og samarbeidande institusjonar stadfesta.

I går kom det skriv frå oppdrettssida, der det kom fram at dei ikkje aksepterer at forvaltninga og elveeigarlaget skal ha siste ord når det gjeld følgjeforskinga.  Men - og det er truleg det viktigaste for deg - oppdrettsnæringa har erkjent sitt ansvar for den rømte laksen skriftleg, og vil løysa utfisking av rømt fisk for dei komande åra på same måten som gjort i 2011.

Det vil bli eit nytt møte i Styringsgruppa for Hardangerfjordprosjektet den 11. april 2012.  Då vil referatet frå førre møtet bli godkjent og offentleg tilgjengeleg.  Vonleg vil det også bli ei nærare avklaring i fellesaka.

EJFF med nytt oppfølgingsspørsmål:

Kven er dei samarbeidande institusjonane og korleis er finansieringa eventuelt fordelt imellom dei?

Svar frå Terje Magnussen:

Hei igjen,

Med omsyn til etablering er opplegget at oppdrettarane skal dekkje ca. 87 %, medan fylkeskommunen og Fiskeridirektoratet skal bidra med mindre tilskott. 

Når det gjeld drift, er fleire partar inne.  Sidan det er meininga å drive følgjeforsking i tilknyting til fella, ville Fiskeri- og kystdepartementet og Direktoratet for naturforvaltning bidra med tilskott i tillegg til fylkeskommunen og Fiskeridirektoratet. Oppdrettarane forplikta seg til å dekkje om lag 50 % av samla driftsutgifter.  Skulle gjerne gitt deg talla, men sidan det er usemje om følgjeforskinga, er det som tidlegare sagt, ikkje skrive ei endeleg avtale.  Skal ta opp i styringsgruppa at Etne Jeger- og fiskerforening ønskjer å sjå desse talla.

Med omsyn til oppfiskingsprosjektet lover eg å sende ein kopi av rapporten, straks han er ferdig.

Elles reknar eg med at det eg skriv, kan formidlast til medlemmane i Etne Jeger- og fiskerforening. 


Oppdatert etter epost mottatt frå Terje Magnusset den 12.04.12

Hallo..

 I går var det møte i styringsgruppa for Hardangerfjordprosjektet, og mykje av diskusjonen galdt fiskefellesaka.

Dette er ikkje noko offisielt referat, men eg trur eg kan røpe såpass at medlemmane vart samde om finansieringa og opplegget for drift av fella. 

Avtaledokumentet går no vidare til Etne Elveeigarlag som er tiltenkt rolla som driftar av fella mm.  Dersom elveeigarlag godtar avtala, går ho direkte vidare til partane som har sagt seg viljug til å investere og finansiere drifta.  Om elveeigarlaget har vesentlege innvendingar, reknar eg med at det må bli ein ny runde.

Spurte om eg kunne distribuere avtaleutkastet, men det meinte styringsgruppa blei feil.

Parallelt med oppryddinga når det gjeld det finansielle, går prosessen for å få godkjend plassering av fella i elva.  Her vart det sagt at både kommunen og fylkesmannen har stilt seg positiv til søknaden frå elveeigarlaget.  Vassdragsvesenet er godt i gang med vurderinga av saka og har så langt gitt positive signal.

Bestilling av fella kan skje straks det kjem positive signal frå dei nemnde prosessane.

Når det gjeld rapporten frå UNI Miljø, fekk eg forleden beskjed om at orienteringa om fisket etter rømt oppdrettsfisk i Hardanger, kjem som ein del av en større rapport.  Sidan det er FHLs miljøfond som har finansiert utfiskinga og som er offisiell mottakar av rapporten, kan eg lite gjere for å purre på….

Lovte deg referat frå marsmøtet i styringsgruppa – dessverre blei det gjort endringar i møtet, så eg får ettersende når sekretæren har redigert.