Fellestyret sin lokale representant - Vidar Børretzen - har informert grunneigarar om å delta i arbeidet med montering og drift. Styret i EJFF følgjer oppfordringa og legg ved brevet som er sendt ut til grunneigarane. Brevet kan du lese her.

For at styret i EJFF skal ha oversikt ber vi om at alle som er interessert i å gjera ein innsats med fiskefella, både når det gjeld lokal transport, evt. hjelpe til med montering og drifting av fella om å informera styret ved å sende ein epost til ejff@gmail.com. Vi vil deretter informere Vidar Børretzen.

Norskog har heilt sidan medio desember nekta montering av Fiskefelle i sone 3. Til å begynne med var dei også negative til montering i sone 2. Det er dei ikkje lenger. Med bakgrunn i dette - og for å bidra til at fella blir montert i vår- har vi lenge oppfordra Fellestyret om å kartlegge alternative plasseringar. Det er delvis gjort og sone 4 er eit alternativ som partane er einige om vil kunne fungera som eit godt alternativ til sone 3. EJFF har også bede om at sone 2 og sone 1B blir grundigare kartlagt. Det vil dessverre ikkje Fellesstyret gjera. Dei meiner framleis at sone 3 er den - totalt sett - beste plasseringa. Dei har også uttalt at dei vil bruke lakselova for å få viljen sin.

Norskog er framleis negative til fiskefelle i sone 3 og Fellestyret kastar no ballen vidare til styret for Pilotprosjektet. Dei skal halde møte i morgon, mandag 11. mars.

Styret i EJFF meiner framleis, og har meint lenge, at Fiskefelle i Etneelva kan vera eit nødvendig strakstiltak for å sikre villaksstamma i Etne. Mange medlemmer har meldt seg interessert i å vera med å drifte fella. Det er supert og sannsynlegvis nødvendig for at prosjektet skal kunne gjennomførast på ein forsvarleg måte.

Styret meiner også at saka om Fiskefelle i Etneelva er blitt gjennomført på ein svært dårleg måte. Vi meiner at kravet til fornuftig og forsvarleg saksbehandling med krav til skriftleg dokumentasjon som grunnlag for avgjerder ikkje er tilstrekkeleg tilstades. Det er synt at prosjektet som i utgongspunktet kun er positivt skal bli handsama på ein slik måte. Det kan dessverre få konsekvensar for kor mange av våre medlem som vil delta i arbeidet med fiskefelle.

Ingen skal likevel vera i tvil om at styret i EJFF oppfordrar flest mogleg av våre medlemmer til å bidra og så snart som mogleg melde si interesse. 

EJFF har alltid gjort eit solid arbeid med forvaltning av Etneelva. Det skal vi fortsetta med !