Førebuing til fisketrekking

EJFF klargjer no for fisketrekking for våre medlemmer på vår nye medlemsportal. Vi har ikkje bestemt dato enno, men portalen er klar for at de kan melde dykk på fisketrekking. De må også laste opp kvittering på betalt Fiskeavgift og fullmakter(-er) hvis det er aktuelt.

Når vedlegg er på plass så vil godkjenne deg til fisketrekking under føresetnad at medlemskapen er betalt.

Dette blir også ein test på om de forstår kva som skal gjerast og om portalen vår fungerer. Når vi er klar for fisketrekking så vil annonsere på nettside, facebook og i Grannar om tidspunkt for trekking. Alle som har meldt seg på via medlemsportalen vil bli varsla på SMS og epost.

1. Gå til https://ejff.omega365.no og gjer som beskrive. 

2. Dersom det ikkje fungerer så er det sannsynleg at det ikkje er registrert korrekte opplysningar i medlemsregisteret der vi hentar opplysningane til vår portal ifrå. I så fall går du til NJFF si nettside https://minside.njff.no/Account/Login og oppdaterer dine opplysningar.

3. Dei opplysningane du har endra i pkt. 2 må du senda på epost til oss på etnejff@gmail.com så skal vi mellombels oppdatere våre medlemsdata. Når vi neste gong hentar medlemsopplysningar frå NJFF så vil opplysningane vera rette.

4. Dersom pkt. 2 og 3 blir utført så skal de klare å logge deg på vår nye portal og melde deg på fisketrekking.

5. Når fisketrekkinga for medlemmer er gjennomført så vil vi starte arbeidet med å tildele fiskedøgn til andre. Følg med på facebook og nettsida vår.

Lykke til.