Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Oppdrettsnæringa er skuffa !

Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening v/kommunikasjonsdirektør Cato Bruarøy har kronikk i Grannar i dag.

At det er mogleg å snu problemstillingane slik på hovudet er nesten imponerande!

Etter mi meining beviser kronikken at kronikkforfattaren lever på ein heilt annan planet enn kva vi gjere. Dersom dette er representativt for oppdrettsnæringa er vi bekymra.

Det blir hevda at Etne elveigarlag ikkje vil samarbeide med oppdrettsnæringa. Dette er ikkje rett. Tvert imot er vi interessert i alle former for samarbeid som kan styrkje levekåra til villaksen og sjøauren. Men vi stiller krav om at alle parter tar del i samarbeidet og at styresmaktene er ein del av eit slikt samarbeid. Det er også avgjerande at oppdrettsnæringa tar inn over seg at næringa faktisk har store utfordringar med å bli bærekraftig for framtida. Når desse forholda er på plass vil vi kunne håpe på eit framtidsretta og konstruktivt samarbeid.

Les og døm sjølv!

Les kronikken her.