Også i år ynskjer Genbanken genmateriale frå 5 -10 familiar av laks frå Etneelva. Genmaterialet vert lagt inn på Haukvik i Sør-Trøndelag og alt me har levert til Eidfjord dei siste åra er flytta dit. I tillegg ynskjer dei melke frå 10 sjøaurehannar til eit prosjekt kalla «Sædbank for sjøørret i Hardangerfjorden». Dei ynskjer melke frå 50 hannar fanga over 4-5 år med minst 10 kvart år.

Skjellmateriale frå stamfisket skal inngå i den nasjonale overvakinga av andel rømt oppdrettsfisk i fiskebestandane. Dette er eit samarbeid mellom HI, NINA, UNIresearch, Rådgivende Biologer og Veterinærinstituttet. Dei ynskjer skjellprøvar frå minst 35 laks, difor må det takast skjellprøvar av alt som vert fanga, så ta med tang til dette.  Dette vert også ein kontroll på om all fisk er fanga i fella.

Det er også kome spørsmål til HI om genmateriale frå 2 laksehoer og 8-10 hannar, men dette kan takast frå same fiskane som skal til Genbanken. Dette må avklarast nærare.

Helsing Etne klekkeri