Dugnad i elva

Det blir dugnad i elva lørdag 19.05 kl. 1100, oppmøte i sone 10. Det blir vanleg klargjering + beising av fiskebuer. Meld tilbake til Vegar på tlf. 971 56 056 eller epost vegar.grumheden@gmail.com om du kjem.

Jegerprøveeksamen unnagjort

Den 7. mai vart det gjennomført Jegerprøveeksamen. 16 nervøse personar stilte opp, menn og damer.

Alle besto eksamen med god margin, imponerande !

Snittkaratkteren vart så høg som 89,1 % eller 44,6 av 50. Godkjent resultat var minst 80 % eller 40 rette.
Gjennomsnittsalderen på deltakerane var 21 år.  3 damer har tatt kurset.

Takk til Jegerprøveinstruktør Jarle Grindheim som har klart å gi alle ei engasjerande Jegerprøveopplæring.
 

Les mer

Villmarksmessa 2012 - evaluering

Arbeidsgruppa for Villmarksmessa 2012 vil snart gjennomføre eit planleggingsmøte for Villmarksmessa 2013.

Evaluering av årets messe er den aller viktigaste saka på første møte.

For at vi skal lykkast med å lage ei betre messe til neste år er det avgjerande at vi evaluerer årets messe frå a til å. For å få dette til er det viktig at de melder inn synspunkt, positive og negative.

Vi oppmodar alle som har synspunkt om å sende disse til etnejff@gmail.com

På forhånd takk !

Loddsal Villmarksmessa - trekking

Etne Jeger- og fiskerforening (EJFF) gjennomførte eit loddsal på Villmarksmessa med mange flotte premiar.
Loddsalet innbrakte knappe 10.000,- pengar som kjem godt med i foreninga sitt arbeid framover.

Tusen takk til alle som ga oss premiar !

 

Tusen takk

Tusen takk til alle som gjorde dugnad for Villmarksmessa 2012, utan dåken hadde det ikkje blitt messe !


Sjå heile nyhetsarkivet