Foreininga sitt hovudformål er:

Å vera ein aktiv interesseorganisasjon som ivaretar medlemmene sine interesser innan jakt, fiske, naturforvaltning og friluftsliv.

Å arbeide for at det enkelte menneske skal læra seg å forstå ansvaret sitt for den levande natur som omgir oss, verdien av ansvarsbevisst jakt og fiske, og ved å vise omsyn til alt levande i all vår ferdsel i skog og mark.

Å lette medlemmene sin tilgang til å drive jakt og fiske, om nødvendig ved å leige jaktterreng, fiskevatn og elvar som blir stilt til medlemmene sin disposisjon, samt ved å drive kulturarbeid for å halde vedlike og bygge opp fisk- og viltbestanden innan foreininga sitt arbeidsområde.

For å bli medlem i Etne Jeger- og fiskerforening må du vera busett i Etne kommune.

Om du ynskjer medlemskap må du senda epost til etnejff@gmail.com og oppgi:

  • Navn
  • Adresse
  • ​Fødselsdato
  • ​Medlemskategori
  • Telefonnr.
  • Epostadresse

Vi ynskjer nye medlemmer velkomne !
 
Frå og med 2024 er ikkje lenger EJFF medlem av NJFF. Styret drøfta om kva for kategoriar, definsjonar av disse og prisar som skal gjelde framover. Ein vart einig om å forenkla kategoriane i forhold til tidlegare og styret gjorde fylgjande vedtak:

Medlemskategoriar

  • Hovudmedlem: Frå og med året ein fyller 19 år: 390,00.
    Erstatter NJFF sin medlemskategori: Hovedmedlemskap, Pensjonist-/uføremedlemskap

  • Barne- og ungdomsmedlemskap: Til og med året ein fyller 18 år: 190,00 
    Erstatter NJFF sin medlemskategori: Barne- og ungdomsmedlemskap uten Jakt & fiske, Barne- og ungdomsmedlemskap med Jakt & fiske

  • Familie-/ektefelle-/sambuarmedlemskap: Gjelder to voksne og alle barn under 19 år i samme husstand: 590,00
    Erstatter NJFF sin medlemskategori: Familiemedlemskap, Ektefelle/sambuar
     
  • Æresmedlem:
    Erstatter NJFF sin medlemskategori: Æresmedlem

Vi sender ut krav med bakgrunn av vedtaket og tar forbehold om at årsmøtet vil endra på kategoriar og satsar.