Miljø- og ungdomsarbeid

Weekend for barn og ungdom på Hjørnås (Rødekorshytta) 27.07.08.

Etne Jeger og Fiskerforening har eit viktig ansvar med å hausta av naturen. Ikkje alle er enige i det, men om vi ikkje hadde hausta av overskotet naturen gir oss av fisk og vilt ville det straks fått store negative konsekvensar.

Vi har difor eit ansvar for å læra opp barn og ungdom for å føre tradisjonane vidare. Klarer vi å få ungane interessert i jakt og fiske tidleg vil dei også få oppleve den storslagne naturen vi har kring oss.

Ikkje alle har ei foreldre som er interesserte i jakt eller fiske, kanskje ikkje eingong friluftsliv generelt. Likevel opplever vi at ungane kan vera interessert.

Vi har difor ei viktig rolle i lokalsamfunnet for å legge til rette for at ungane våre kan få oppleve gleda naturen kring oss kan gi oss. Ikkje alle blir fiskarar eller jegarar, men klarer vi å få ungane til å nytte og nyte naturen har vi likevel gjort ei samfunnsnyttig gjerning.

Etne Jeger- og fiskerforening ynskjer å legge til rette for at alle kan få stimulert sine jakt-, fiske- og friluftsinteresser.

Nettsida vår vil difor innehalde informasjon om aktivitetar vi freistar å gjennomføre gjennom året. Har du spørsmål må du ta kontakt !

Velkommen og lykke til !


Sjå heile nyhetsarkivet