Jarle_Gjerde

Det er framleis ikkje dei store aktivitetane i elva. Lite folk å sjå og laksebørsen forteller om lite fangst. Men som eg har nevnt før, dei som fiskar får som regel meir fisk enn dei som sit heime og klagar over dårlege forhold. I sone 3 på lørdag/søndag fekk Tom Hardeland 4 fiskar på land. Ein fin laks, ein flott aure og to mindre aurar som kun fekk ein advarsel! Dei mista også fleire.
I dag fekk også Jarle Gjerde sin første laks på flue i sone 3. Han fiska litt utradisjonelt og det gav resultat på 3,4 kg. Gratulerer! I sone 10 blir det også jevnt og trutt tatt ein og annan laks.

Men kanskje slår fiske til for fullt mot helga. Det er meldt om store nedbørsmengder fra onsdag/torsdag. Og det rapporteres om mykje laks og gledeleg mykje aure i fjorden.

Skitt fiske!

PS: Det har seg slik at ein god fiskevenn av Jarle har lova å slutte og røyke om Jarle får laks på flue. Sidan han akkurat i dag kom heim etter ei utanlandsreise, har han for salg ein 3-4 kvoter med Petterøes 3. Ta kontakt med Jarle om nokon vil kjøpa dette!