EJFF Valgbar
Elveigarlaget gjorde i 2021 vedtak om at EJFF sin representant på fullmakt frå OVF (Opplysningsvesenets fond) ikkje er valgbar til styret i Elveigarlaget. Vi stilte spørsmål om det kan vera lovleg vedtak og har i ettertid skaffa advokatvurderingar som meiner vedtaket er ugyldig. Styret i elveigarlaget har stått fast på vedtaket. På førespurnad har Miljødirektoratet fastslått at vedtaket var ugyldig og at EJFF er valgbar til styret.

  • EJFF fremja forslag om å kunne fiske sjøaure i storleik mellom 40-70 cm i begrensa antal. Nedstemt.
  • EJFF fremja forslag om at maksstorleiken på hann- og holaks vart fjerna. Fastsetting av maksstorliek på hofisk kunne eventuelt fastsetjast etter midtsesongevaluering for å sikre gytebestandsmålet. Nestemt

EJFF sine forslag er fornuftige og forsvarlege og baserer seg på at Etneelva har høg gytebestand over mange år og vi haustar difor av eit stort overskot. Målet for lakseforvalninga er å bevare og bygge bestanden slik at det blir mogleg å hauste og der gytebestandsoppnåing og midtsesongevaluering er dei viktigaste tiltak for å regulera fiske, noko som også samsvarar med råd frå Vitenskapeleg råd for fiskeforvaltning.