Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Blir Etneelva stengt?

Det er skremmande lite fisk som blir teke på land i elva i år. Tar ein snittet av dei tre siste åra for juni, har ein i år kun fiska 1/3 part. Totalt sett er det teke 94 fisk. På samme tidspunkt i fjor blei det tatt 289 fisk. Atle Kambestad hos Fylkesmannen i Hordaland seier at det er for drastisk å stenge elva. Men ein vil sjølvsagt vurdera andre måtar å regulera fiske på. Han er samd i at dette er lite hyggelege tall å lese, men at det kanskje ikkje er uventa.
- Det er kjent at det er lite laks i havet og at spenninga var stor når det gjalt smålaks, seier Kambestad, som selv var ein tur i Etne for eit par veker sidan. Det var skremmande mykje aure som var hardt angrepen av lus i elveosen og sone 1 seier han, og det er ikkje noko kjekt å sjå.

Eg trur at hvis me skal unngå drastiske tiltak for elva, som for eksempel; at ein bare kan fiske med flue, og maks ein fisk pr. sone, må me sjølv komma med forslag til tiltak for å visa vilje og handlekraft. Det første som må gjerast er at Torefoss blir stengt. Det bør og gjerast noko i Sørelva. Det er påfallande at det blir teke mest fisk i Sørelva ved lav vassføring. Så her må Fagrådet for Etneelva ta saken på dagsorden, og visa vilje og handlekraft.