I 2016 gjorde elveigarlaget eit ugyldig vedtak om å innføre fangstbegrensing på 2 fisk pr. døgn (sone 1 fekk 3), uavhengig av storleiken på andeler og sone. Sone 1, saman med EJFF, protesterte den gongen og har kjempa kvart år sidan om at vedtaket blir erklært ugyldig og oppheva. 09.09.21 fastslo Miljødirektoratet i brev til elveigarlaget at vedtaket er ugyldig og at fangstane i vassdraget skal fordelast etter fiskerettshavar sine andelar 1) slikt kravet er i lov og forskrift. Brevet er offentleg og kan lesast her.

Elveigarlaget gjorde i 2021 vedtak om at EJFF sin representant på fullmakt frå OVF (Opplysningsvesenets fond) ikkje er valgbar til styret i Elveigarlaget. Vi stilte spørsmål om det kan vera lovleg vedtak og har i ettertid skaffa advokatvurderingar som meiner vedtaket er ugyldig. Styret i elveigarlaget står fast på vedtaket og freister no skaffe seg uttale frå Statsforvaltaren om at vedtaket er lovleg. Tida vil vise om det er rett at "Prestaretten" ved fullmakt ikkje skal ha same rettar som alle andre rettighetshaverar i vassdraget.

  • EJFF fremja forslag om å kunne fiske sjøaure opptil 2 kg i begrensa antal. Nedstemt.
  • EJFF fremja forslag om at maksstorleiken på hannlaks vart fjerna. Nestemt.
  • EJFF fremja forslag om å kunne forlenge sesongen med 1 veke dersom midtsesongevalueringa viste gode prognoser for gytebestand. Nedstemt.
  • EJFF fremja forslag om å halde fram med fangstbegrensing med x antal fisk pr. døgn. Slikt vi alltid har praktisert, men etter andelar. Ei slik ordning sikrar at kundane våre får like vilkår. Nedstemt.
    Elveigarlaget har i staden gjort vedtak om årskvote som skal fordelast etter andelar. Korleis dette skal administrerast veit ingen. Det blir opp til kvar enkelt fiskerettshavar. EJFF vil bruke litt tid å vurdere før vi bestemmer oss for korleis vi skal praktisera årskvote.

EJFF sine forslag er fornuftige og forsvarlege og baserer seg på at Etneelva har høg gytebestand over mange år og vi haustar difor av eit overskot. Målet for lakseforvalninga er å bevare og bygge bestanden slik at det blir mogleg å hauste og der gytebestandsoppnåing og midtsesongevaluering er dei viktigaste tiltak for å regulera fiske, noko som også samsvarar med råd frå Vitenskapeleg råd for fiskeforvaltning.

EJFF meiner med denne bakgrunn at det heller ikkje er fornuftig med årskvote som det er opp til kvar enkelt fiskerettshavar å praktisere. Det skal bli spennande å erfare korleis slikt skal administrerast og kontrollerast. Vi håper vi allereide til neste år kan bruke fangstbegrensing pr. fiskedøgn, slik vi alltid har gjort.

EJFF vil bruke litt tid før vi bestemmer oss for korleis vi skal administrera årskvote for i år. I begynninga av mai, etter gjennomført medlemsmøte, vil vi sende ut informasjon om kva vi går for. 

1) Andeler blir rekna utifrå (75 %: fangst siste 5 år, 25%: meter elv)