Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Det blir opna for fiske i sommar

Publisert: Oppdatert: 24.02.2016

På årsmøtet i Etne elveigarlag torsdag 18. februar vart det bestemt å opne for fiske i perioden 15.06 - 15.08.

​Urettferdig og uforståeleg vedtak om fangstkvote
​Det vart gjort vedtak om endringar i fiskereglar. Den viktigaste endringen er at fangstkvote vart fastsatt til 2 fisk pr. sone, med unntak av sone 1 som får 3 fisk. Sonane 11, 12 og 13 som alle er a- og b-sone, får 2 fisk til saman. Dvs. 11a får ein fisk og 11b får ein fisk.

​Sone 1 med fleire protesterte mot denne kvotefordelinga som ikkje tar omsyn til lengda på sonen. Dessverre utan å vinne fram. Det opplevest som både utforståeleg og urettferdig, for EJFF og andre. Ein skal ikkje sjå bort ifrå omkamp om akkurat denne saken.

​Laget utan leiar
Vidar Børretzen hadde på førehand varsla valnemnda at han ikkje ville fortsette som leiar. Det gjekk ein del tid med diskusjon om aktuelle kandidator til å overta. Ingen ville ta på seg vervet og  etterkvart måtte årsmøte erkjenne at ein kom ikkje i mål. Det betyr at Etne elveigarlag for tida er utan leiar. Det vil snart bli kalla inn til ekstraordinært årsmøte med kun ei sak; val av leiar.