Even hadde oppnåd 41 poeng etter innleiande 50 skot og var 2 treff bak bestemann. Han holdt hovudet kaldt og presterte 22 treff i finalen. Etter finaleomgongen var det 3 skyttarar med same poengsum og det vart omskyting om 1. plassen. Even missa den avgjerande dua og måtte sjå seg slått av Olav Vidar Melstveit frå Øystese. Det vart deretter ny omskyting om 2. og 3. plassen. Her viste Even klasse og kapra 2. plassen samanlagt. Glimrande Even !

Det var i tillegg til Even 3 skyttarar til frå Etne i finaleomgongane og Arne Gravelsæter oppnådde dagens beste serie med 24 treff og skaut seg opp til 4. plass samanlagt.

Rune Håheim og Sveinung Lien var også med i finaleomgongen, men klarte ikkje heilt å fylgje opp nivået til Even og Arne. Likevel vil vi måtte seie at Etne markerte seg med glimrande resultat.

Etne presterte også ein fin 3. plass på lagskytinga etter omskyting om 2. og 3. plassen i konkurranse med 2 andre lag. Etne sitt lag var Arne Gravelsæter, Rune Håheim og Sveinung Lien.

For komplett resultatliste, sjå her.