Det var berre 12 elveigarar som møtte på årsmøtet, noko vi stiller oss undrande til. Kva er det som gjere at engasjementet er så lågt ? No må de vakne grunneigarar ! Det Etneelva treng no er engasjement på breid front der målet er ei berekraftig oppdrettsnæring og villaksen tilbake til elva !

EJFF fremja ei sak til årsmøtet om å yte Norges Miljøvernforbund v/Kurt Oddekalv ei gåve på kr 10.000,-. Bakgrunnen er enkel; Miljøvernforbundet arbeider utretteleg med å få fram miljøulempene med dagens oppdrettsnæring fram i media sitt søkelys, noko vi meiner er svært positivt i kampen for villaksen. Arbeidet fortjener ros og bør påskjønnast. Dessverre fall forslaget mot 4 stemmer.