Bakgrunn for vedtak, er at lav oppvandring av laks og sjøaure ikkje gjer
det forsvarleg å fortsetja med fangst av fisk. Norske Lakselver (NL) har
vore i møte med Miljødirektoratet (MD) i dag, der det vart varsla om
tiltak for ei rekke elvar frå Trøndelag og sørover. MD startar med
tiltak for dei elvane som har for låg sannsynlegheit for å oppnå
gytebestandsmål, og har stengt ei rekke elvar frå natt til søndag. MD
går nå djupare inn i tala og ser på dei resterande vassdraga, så og
Etne. Me skal i nytt møte med NL og MD på måndag, men veit ikkje kva som
kjem. Det er klar forventning frå Statsforvaltar og MD at
forvaltningslaga tar kraftfulle grep slik situasjonen er. Alle rapportar
frå vassdrag i Noreg syner dramatisk svikt i oppgang av laks og sjøaure.
Det same gjeld for Danmark, Storbritannia, Irland og Island. Alle
forskingsinstitusjonar som rapportere til MD melder om dramatisk lite
laks både i elvar og fjordar. Det er viktig at Elveigarlaget syner at me
tar forvaltningsansvaret på alvor.

Kva som skjer etter midtsesong vert avgjort ved midtsesongevaluering, og
styret ynskjer å kalla inn til ekstraordinært årsmøte på Skakke (og
Teams) torsdag 11.07.2024 kl 19. Då har styret ferdigbehandla
midtsesongevaluering og årsmøte kan vere med å diskutere kva som er
forsvarleg etter midtsesong. Dette i tilfelle det er unormalt sein
oppgang som er årsak til dei dårlege tala me ser no, og dette har endra
seg vesentleg til midtsesong. Skulle tala vere så svake som me fryktar
eller MD vedtek at me må holde stengt, så avlyser me berre det
ekstraordinære årsmøte.

Mvh Styret