massefiske_sone10
Foto: Jan A. Vinje

Ei eventyrleg fiskeopning!
Det vart fanga 6 laksar og 1 tert i sone 10 på opningsdøgnet. Terten var 1,3 kg og laksane 3,5-4,7-5,4-7,5-8,7-9,3.
Rune Kringlebotten stod for 5 laksar åleine.
Dei første 4 laksane vart alle tatt på floge. Dei siste 3 tok Rune på makk mitt på dagen, med minuttars mellomrom.

Det vart også god start i andre soner, blant anna 5 laksar i sone 3. To av desse var oppdrett.

rune_9300

Første laksen i sone 3 vart fanga av Rune Kringlebotten kl. 0530 på einhands flogestang.
Det var ein 40 minuttars kamp og laksen gav  seg ikkje før fiskaren var dregen ned i sone 9. Vekta viste 9,3 kg.

jan_8700

Jan A. Vinje var ikkje mykje dårlegare.  45 minuttar seinare, kl. 0615, vart  denne FANTASKTISK FINE laksen tatt opp.
Jan var smart nok til å bruke tohands flogestang og hadde ikkje behov for å dilte etter laksen ned i sone 9!