Fangstkvotar:
Som mange har fått med seg så vart det frå og med fiskesesongen 2016 gjort endringar i fangstkvoter med lik kvote på 2 fisk pr. sone. Sone 1 fekk 3. EJFF og sone 1 protesterte den gongen og alle år etter og argumenterte for at endringen ikkje er lovleg, blant anna fordi endringen ikkje tar omsyn til storleiken på sonene og bryt med lov/forskriftr. 
Siste ord er ikkje sagt i denne saken.

Vi fremja elles forslag vi mener er forsvarlege og fornuftige.
- Vi ville fjerne begrensinga på storleik på fisken.
- Vi ville tilltate sjøaurefiske, med 1 fisk pr.sone/døgn.

Dessverre fekk vi ikkje fleirtal. Våre argument er at ein evt. kan gjera endringar i fiskereglar, herunder kvoter, ved obligatorisk midtsesongevaluering. 

EJFF som rettighetshavar
Som mange veit så har EJFF forvalta Prestaretten (sone 2,3 og 10) på vegne av rettighetshavar sidan 1985 gjennom fullmakt, eit samarbeid som har vore og er svært godt. 
På årsmøtet i år vart det hevda frå styret at EJFF ikkje er rettighetshavar på lik linje med andre fiskerettshaverar. Det var nytt for oss og svært overraskande påstand. Påstanden er sjølvsagt feil og bryt med elveigarlaget sine eigne vedtekter og med lov og forskrift.
Siste ord er ikkje sagt i denne saken.