Røktinga skjer i to etappar.

Etappe ein er det fellestyret som har ansvaret for og oppgåva er å få fisken opp i kar på land.

Etappe to er det Havforskningsinstituttet v/prosjektleiar Øystein Skåla som har ansvaret for. Han vil foreta måling av lengd og vekt, skjellprøvetaking og -analysering. Til slutt merking og ned i elva att, ovanfor fella.  Vi har spelt inn at vi ynskjer kamera nede i fangstbur, samt at antal fisk som blir sett ut att i elva blir publisert på internett. På denne måten vil alle fiskarane motta same informasjon til same tid.

Vi oppfordrar igjen våre medlemmer om å melde frå til etnejff@gmail.com om de ynskjer å gjera dugnad for foreninga med å hjelpe til med å drifte fella.

Fleire bilder frå monteringsarbeidet finn du her.

Nederst i artikkelen finn de meir informasjon om fellekonstruksjonen og korleis denne virkar og skal driftast.