På reportaren sitt spørsmål om kva som kan gjerast var Gry Walle tydeleg på at det ikkje er mykje dei kan gjera. Det er sjokkerande å høyre på kor lite interessert fiskeforvaltaren er i å løysa utfordringane. Eit tiltak ho fortalte om er at det blir arbeidd med å få på plass ein genbank. For det første har dette arbeidet pågått i svært mange år, utan resultat, for det andre skal laksegenene lagrast i denne banken fram til utfordringane er løyste, som om dei løyser seg sjølv.. Ellers foreslo ho at vi kan "kryssa fingrane"... Her må andre på banen før det er for seint ! Maken til manglande handlekraft skal ein leita lenge etter.

Alle veit at hovedproblemet er lakselus og rømt oppdrettslaks. Etter kva vi er kjent med er lusesituasjonen også i år dramatisk høg.

Du kan høyre innslaget ved å trykke her (2:02:14 ute i sendinga). 

Sjå elles artikkel frå NRK om Etneleva  her.

Vi forstår ikkje kor journalisten har tala sine frå når det blir hevda "Nesten ni av ti villaks har forsvunnet fra Etneelva de siste 20 årene".

Statistikken for Etneelva finn du her.