Medlemsportalen er no gjort klar for fisketrekking 2023 for våre medlemmer.

For å kunne delta må de logge deg inn i medlemsportalen og melde deg på fisketrekking. De ser ein blå knapp heilt nederst.
De må også laste opp kvittering som viser at Fiskeavgift 2023 er betalt. Når vedlegg er på plass så vil du bli godkjent til fisketrekking under føresetnad at medlemskapen er betalt.

Alle som har meldt seg på via medlemsportalen vil bli varsla på SMS og epost.

1. Gå til https://ejff.omega365.com og gjer som beskrive. 

2. Dersom det ikkje fungerer så er det sannsynleg at det ikkje er registrert korrekte opplysningar i medlemsregisteret der vi hentar opplysningane til vår portal ifrå. I så fall går du til NJFF si nettside https://minside.njff.no/Account/Login og oppdaterer dine opplysningar.

3. Dei opplysningane du har endra i pkt. 2 må du senda på epost til oss på etnejff@gmail.com så skal vi mellombels oppdatere våre medlemsdata. Når vi neste gong hentar medlemsopplysningar frå NJFF så vil opplysningane vera rette.

4. Dersom pkt. 2 og 3 blir utført så skal de klare å logge deg på vår portal og melde deg på fisketrekking. Merk at du må gi fullmakt til dei som skal trekke for deg !

5. Når fisketrekkinga for medlemmer er gjennomført så vil vi starte arbeidet med å tildele fiskedøgn til andre. Følg med på facebook og nettsida vår.

Merk ! I sak 2020-ÅM-01-10 (07.03.20) Nye regler antall døgn for medlem/fam, vart det vedtatt presisering av reglar for trekking
- Medlemskontingenten skal vera betalt
- Fiskeavgifta skal vera betalt
- Kvart medlem kan kjøpe 2 fiskedøgn. Maksimalt 3 fiskedøgn pr. husstand
- Medlem kan kjøpa eige fiskedøgn året ein fyller 13 år. Fiskedøgnet inngår i husstandkvote
- Medlem går ut av husstandkvote året ein fyller 16 år og kan kjøpa 2 fiskedøgn
- Det kan velgast 1 døgn pr. månad og 1 døgn i helg (fredag eller laurdag)
- Kjøpar av fiskedøgn skal delta på fiske

Siste frist for å melde deg på til fisketrekking er fredag 10. mars kl. 2200. 

Lykke til !

Til alle andre kunder
Vi planlegg å gjennomføra tildeling av fiskedøgn i løpet av veke 12.